Møtet begynner klokka 18 i kveld, og om du klikkar på pila i bildet øvst i denne saka når klokka har blitt 18, kjem du rett inn i direktesendinga.

– Allmenn interesse for møtet

Fylkeskommunen har gitt oppdraget med å strøyme sendinga til ein av skulane i Nordfjord, Eid vgs, og det var først måndag ettermiddag at ein blei kjend med at det skal vere ei direktesending frå møtet.

– Vi har bedt skulen om å sette opp stream, og det gjer dei. Men det er ikkje den vanlege fylkeskommunale stream-sendinga, men ei sending dei produserer, seier Bjørn Lyngedal, avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse,

– Kvifor meiner fylkeskommune at det er viktig å strøyme dette møtet?

– Det er allmenn interesse for å få med seg dette møtet. Vi har eit stort lokale med 500 plassar, men vi har førebudd oss på at det kjem fleire. Det vil også bli rigga til i kinosalen og med lerret og høgtalar i foajeen. Så vi kan ta imot det dobbelte av det det er plass til operasalen.

– Folk får vanlegvis to minutt

– Blir alle delar av møtet sendt direkte, også innlegg, diskusjonar, spørsmål og svar?

– Alt som skjer framme på talarstolen blir strøymd.

– Korleis teiknar folk seg for å snakke?

– Det vil vere ein QR-kode på skjerm og plakatar som folk kan ta bilde av, og så melde seg med namn der. Dette kjem så direkte inn på vår liste.

– Vil snakke frå setet sitt i salen eller må ein opp på scena?

– Alt skjer på scena, og dei som pratar får vanlegvis to minutt.

Vi ha flest mogleg innspel

Ifølge Lyngedal er møtet sett til to timar, men han trur det kan drøye lenger, kanskje til klokka 21.

– Det er nok litt avgrensa kor lenge ein kan halde på. Det er opp til leiaren i hovudutval for opplæring og kompetanse som er den som styrer møtet.

– Kva ønsker fylkeskommunen at dette møtet skal munne ut i?

– Dette er ei høyringssak som er ute og vi ønsker sjølvsagt skriftlege innspel, men vi vil også gjerne høyre kva folk seier direkte. Det er viktig for at vi skal kunne lage den endelege saka etter at høyringa er over. Vi vil lage ei sak som er riktig og som får med alle meiningar og innspel.