Politi, brann- og ambulansepersonell skal gjennomføre ei PLIVO-øving i Olden sentrum. PLIVO står for pågåande livstruande vold, opplyser politiet.

Under øvinga vil det vere synleg væpna politi, i tillegg til mannskap frå brann og ambulanse. Dette er ein type scenario som naudetatane øver årleg på.

Øvinga vil bli gjennomført på ettermiddag og kveld. Det kan bli avfyrt skot med markørvåpen. Det vil vere personar med i øvinga som vil framstå som skadde, opplyser politiet vidare.